Ein prosess - haust 2015
Medan faglæraren Giuseppe Miconi var oppteken med å måle eit gigantisk veggmåleri på skulebygget Sygna, vart Elisabeth Tonheim hanka inn i 2,5 veker for å gje studentane i 1.-3.trinn på formgjevingslina ei utfordring. Ho fylte bilen med skrot og sette kursen for Balestrand.
Kvar klasse fekk sitt tema og jobbe med, og til saman skulle dette ende opp i visualisering av ein prosess. Her vart det mykje stubulering, refleksjon og konkretisering, før dei angreip skrotet og sette saman kvart sitt verk. Resultatet blei ei reflektert utstilling med gode poeng og betraktningar, samt ein flokk stolte studentar som har hatt opp til fleire aha-opplevingar undervegs i arbeidet.
Utstillinga "Ein prosess" kan sjåast i korridoren i 1.etg på skulebygget på Sygna i Balestrand.
Tema:
Unnfanginga
Tema:
Modninga
Tema:
Erkjenninga
Rustne juvelar
Kunstprosjekt i Balestrand vinter og vår 2013 i samarbeid med Balestrand Kunstlag
Innsamling av skrot frå innbuarane i Balestrand kommune for deretter å bruke skrotet som utgangspunkt i nye kunstverk. Andre medverkande kunstnarar: Turid Grov Glaskunst, Solveig Haukås Emaljekunst og Giuseppe Miconi Måleri.
Sjå meir om prosjektet her
Utsmykking Sansetunet
Nytt grindbygg på Kårbø i Meland kommune som skal nyttast som blant anna selskapslokale.
Oppdraget var å utsmykke bygget innvendig med i hovudsak gamle ting frå garden der grindbygget ligg.
Dekorering til konfirmasjon
Dekorering av bord og lokaler ved konfirmasjon til jente.
Dekorering konferanser
Meir info om Lindåsbygda: www.lindasbygda.no